ERS - båter under 15m står for tur......
iFisk nettbrett
iFisk avd. Tromsø - Tlf. 976 35 889 - Email: tromso@ifisk.no
DCA

 


Prøvetaking av sild og kolmule frå kommersielle fangstar til Havforskingsinstituttet


Generelt – bakgrunn – formål


Havforskingsinstituttet tek kvart år hundrevis av prøver frå den kommersielle fangsten av våre viktigaste fiskeartar. Hovudføremålet med dette er å få gode data på den landa fangsten, med tanke på storleiksfordeling (lengde og vekt), kondisjon, kjønnsmodning og alder. Aldersfordelinga er særs viktig, og saman med data på kvantum (tonn) fisk landa, som vi får frå Fiskeridirektoratet, bruker vi desse prøvane til å berekna kor mange individ av kvar årsklasse som vert fiska per år. Dette er den viktigaste parameteren i bestandsmodellane som vert brukt for å berekna kvoteråd for dei store bestandane.
I den pelagiske sektoren vert denne prøvetakinga i stor grad gjort av fiskarane sjølv, i samråd med Havforskingsinstituttet, ved at prøvar av fangsten vert frosne ned og levert landanlegg som sender prøvane til HI for analyse. Også fleire landanlegg sender inn prøvar. Vi får inn ganske mange prøvar på denne måten, men dei har gjerne vore tekne av relativt få fartøy og ikkje hatt den optimale spreiinga i tid og rom for å spegla sildefisket totalt sett.


Frå 1. januar 2018 starta vi opp med å bestilla fangstprøvar av sild ved hjelp av elektronisk fangstdagbok. Denne ordninga ynskjer vi å bruka også i 2019 og utvidar den i tillegg til også å gjelde kolmule. På sikt reknar vi å bruka ordninga for endå fleire bestandar. Frå 1. januar 2019 reknar vi med at alle dei tre leverandørane av elektronisk fangstdagbok vil ha implementert den naudsynte endringa i sin programvara, slik at heile fiskeflåten i dei aktuelle fiskeria kan delta. Bruk av elektronisk fangstdagbok og loddtrekning på enkeltfangstnivå for å «bestilla» fangstprøvar på er ein statistisk sett tilnærma optimal måte å gjera det på. I tillegg blir prøvetakinga meir effektiv og vi får viktigast av alt ein forbetra bestandsvurdering og meir korrekt og presis bestandsrådgjeving, til nytte for alle.
Reint teknisk kan det nye systemet forklarast slik:


• Ein fiskebåt går frå hamn og sender avgangsmelding (DEP) til Fiskeridirektoratet og melder at han har tenkt å fiska sild eller kolmule.
1. Ein ny meldingstype generert av fangstdagboka (og ein kopi av avgangsmeldinga) blir sendt til Havforskingsinstituttet, som automatisk sender returmelding og ber om at fartøy deltek på prøvetaking av sild (eller kolmule) på denne turen.
• Deltakinga inneber to ting; for kvar fangstoperasjon (kast/trålhal) vert det bedt om:


1. At fiskar tek ein prøve (10-20 kg) av fangsten tidleg i fangstoperasjonen og set til side
2. At fiskar, så tidleg som praktisk mogeleg sender ein fangstmelding via fangstdagboka. Meldinga er teknisk sett ein kopi av fangstrapporten (DCA) for det aktuelle kastet/halet og må innehalde eit anslag på mengda sild fanga. Meldinga blir laga automatisk av fangstdagboka, slik at skipparen slepp å føra inn nye opplysningar i dagboka.
• Denne meldinga blir sendt til HI som med ein gong, og automatisk svarar enten JA eller NEI.
• Dersom svaret er JA ber ein om at mannskapet pakkar og merker prøven, frys den ned og leverer på eit mottaksanlegg (norsk) ved passande høve. Dersom svaret er NEI kan prøven kasserast.
• Mottaksanlegget må så ta vare på prøvane som kjem inn frå fiskeflåten og senda dei til HI etter nærare avtale.
Dette nye systemet krev ein betydeleg innsats, spesielt frå fiskarane, men og frå industrien, for at det skal fungera. I avsnitta under vert det forklart i litt meir detalj. Spørsmål om ordninga kan sendast på e-post til «Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.» (eventuelt til Håkon Otterå, tel 950 65 762). Planen er å få inn i prøvar frå omlag 200 fangstar av sild (NVG, Nordsjøsild, Skagerraksild) og 80 prøvar av kolmule spreidd over heile flåten i løpet av 2019. Fordelt på mange hundre fangstar blir ikkje sjansen for at ein enkeltfangst vert trekt ut veldig stor, men store fangstar vil ha større sjanse for å «vinna i lotteriet» enn små fangstar.
For å få dette til er me avhengig av god oppslutning frå flåten og landindustrien om denne ordninga gjennom heile året. Dette vil være eit felles løft for ei betre bestandsvurdering og kvoterådgiving.


For fiskaren
Prøvetaking:
• Vi ynskjer prøver frå enkeltfangstar (notkast, trålhal, ...) og ikkje frå fangst i rommet.
• Når det gjeld sild blir den alderslest ved å analysere fiskeskjel (risp) og ikkje øyresteinane som er vanleg for anna fisk. For at resultatet skal bli godt, må ein ha minst mogeleg handtering av fisken. Reint praktisk vil det sei at vi ber om at prøven vert teken tidleg i fangstprosessen, når ein startar å pumpa om bord frå eit kast. Tilsvarande for trål så ynskjer vi at prøven vert teken frå den delen av fangsten som har lagt kortast tid i trålposen.
• Når det gjeld kolmule er det viktig at prøven blir lagt i frys så tidleg som mogleg slik at prøven er i god stand for analyse på HI.
• Ein prøve er i denne samanhengen omtrent 20 kg som ein tek til side. Prøven kan oppbevarast i ein stamp e.l. inntil vidare. Vanlegvis vil vi at fisken som ein tek ut skal vera tilfeldig valt frå heile fangsten, men når det gjeld sild er det viktigare at den blir teken ut i starten. Prøven kan godt vera den same som sortimentsprøven ein tek til Sildesalslaget.
• Vi ber altså om at denne prøven vert oppbevart inntil svar frå «lotteriet» blir motteke (sjå neste punkt). Dersom det går meir enn 1 time før svar vert motteke kan prøven kasserast.


Fangstdagbok
• Vi forutset at avgangsmelding er sendt som vanleg og at fartøyet er bedt om å delta på prøvetakingsprogram på inneverande tur. Tilbakemelding på dette får ein via fangstdagboka.
• Start fangst (hal) og slutt fangst (hal) blir registrert på vanleg måte i fangstdagboka. Det som startar «lotteriet» er at slutt fangst vert registrert og at art (inkludert kode for NVG eller Nordsjøsild) og kvantum vert registrert i dagboka. Når dette er registrert går ein automatisk melding til HI sitt «sildelotteri» og svar vert sendt tilbake til fangstdagboka med ein gong. I dei aller fleste tilfelle tek det under 10 minutt frå fartøyet sender meldinga til svar frå HI er motteke. Dersom svar ikkje er motteke innan 1 time kan fangstprøven kasserast.
o Svaret er enten JA … eller NEI …
• Det er viktig å merka seg at denne nye meldinga som går til Havforskingsinstituttet er førebels, og ikkje pålagt å senda inn. Eventuell korrigering av fangstkvantum til den offisielle fangstmeldinga (DCA) som vert sendt før midnatt kan gjerast i ettertid.
Pakking, emballasje og merking:
• Dersom svar på «lotteriet» er JA ynskjer vi at prøven som vart teken vert pakka, merka, frosen og levert til landanlegg ved passande høve.
• Når det gjeld pakking, så kan ein bruka den emballasjen ein har som er eigna til dette. Vi treng ein prøve på minst 10 kg for NVG sild og kolmule, og minst 15 kg for Nordsjøsild og Skagerraksild, men gjerne 20 kg dersom det passar.

Vi har sendt ut ein del 10 kg kartongar merka spesielt for dette føremålet, men det går fint å bruka vanlege 20-25 kg kassar som industrien brukar.
• Det er viktig å ha passande emballasje om bord.
• Det er veldig viktig at prøven blir merka godt. Bruk gjerne etikettane vi har sendt ut, og skriv på med vassfast tusj. Etikettane er også lagt ved sist i dette dokumentet og på www. hi.no/fangstprover for nedlasting. Fangstopplysningsetiketten må plasserast på kortenden på kassen. Bruk gjerne klar pakketape til å feste etiketten om den ikkje sit godt fast, eller skriv direkte på kassen. Det er viktig med ein eintydig referanse til fangstdagboka slik det er vist i vedlagt etikett.
• Legg prøva i frysaren til den vert levert til eit landanlegg. For mindre fartøy som ikkje har plass til frysing, vil prøven ofte kunna lagrast fersk. Dette gjeld i vinterhalvåret, og dersom det er kort tid til levering på landanlegg eller til føringsbåt med frysekapasitet.


Levering til landanlegg:
• Dei aller fleste mottaksanlegga har sagt seg villige til å ta i mot disse fangstprøvene og oppbevare dei på frys for seinare vidaresending til HI.
• Prøva skal ikkje leverast til utanlandske mottak, men takast med vidare til neste lossing på eit norsk mottaksanlegg.
For mottaksanlegga:
• Jobben til mottaksanlegga vil vera å ta i mot fangstprøvar frå fartøy som leverer fangst, og å oppbevara prøvane til dei kan sendast til HI
• Prøvane kan sendast til HI ved eit passande høve eller etter avtale.
• HI har fraktavtale med «Kyst1» som tek seg av alt det praktiske. HI sender ut fraktbrev før transport.

VEDLEGG
til lokk på kasse:


til kort-ende på kasse: